Årsrapport og årsrekneskap 2024
Les mer
Innholdsfortegnelse
Melding frå barneombodet
Ein sentral del av Barneombodets oppgåve er å følgje med på at lovgivinga som skal verne om interessene til barn blir følgd. Vi overvaker om norsk rett og forvaltningspraksis samsvarer med dei forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettane.
Derfor har arbeidet med den «supplerande rapporten» som vi skreiv til FNs barnekomité i desember 2024 vore eit svært viktig arbeid for Barneombodet i året som gjekk. Denne rapporten utfyller rapporten som staten sende til komiteen i juni 2024, og skal bidra til at komiteen har eit godt og realistisk bilete av dei utfordringane Noreg har for å sikre at alle barn får varetatt dei grunnleggjande menneskerettane sine.
Sjølv om det store fleirtalet av norske barn opplever at rettane deira blir respekterte, og at dei får dei tenestene og den hjelpa dei har behov for, så er det dessverre ikkje slik for alle. Nesten 100 000 barn veks opp i fattigdom i landet vårt, og talet har halde seg relativt stabilt over tid. Barn med minoritetsbakgrunn er overrepresenterte i denne gruppa. Oppvekst i vedvarande låginntekt påverkar barn si helse, utdanning og sine framtidsmoglegheiter. Det utfordrar moglegheita barna har til å få innfridd rettane sine.
I Barneombodets rapport til FN beskreiv vi òg utfordringane staten og kommunane har med å sikre gode kompenserande tiltak, og ikkje minst overhalde etablerte saksbehandlingsreglar. Det er nødvendig for å sørgje for at sikringsnettet fungerer når det trengst. Då er det avgjerande at statlege styresmakter følgjer den nye rettleiaren til utgreiingsinstruksen, som Barneombodet tok initiativ til. Rettleiaren skal gjere det tydelegare for styresmaktene korleis dei skal vareta plikta til at det beste for barn skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle tiltak som gjeld barn.
Sentralt i å undersøkje kva som er til det beste for barn, er å faktisk snakke med barn og unge. Sjølv om dette bør vere eit innarbeidd prinsipp nesten 25 år etter at FNs barnekonvensjon blei inkorporert i norsk rett, så ser vi at det ofte ikkje er tilfelle. Konsekvensen av manglande medverknad frå barn er ikkje berre at ein ikkje overheld ein grunnleggjande rett barn har, men òg at vi får dårlegare avgjerder og i verste fall set i verk politikk og tiltak som ikkje vil fungere.
Hausten 2024 utarbeidde Barneombodet ein ny verksemdsstrategi. For den kommande perioden har vi valt å løfte fram behovet for tidleg innsats og førebygging. Det er alvorleg å høyre kor mange barn som slit med dårleg helse, mistrivnad på skulen og alvorlege åtferdsproblem. Endå meir alvorleg er det at mykje av dette kunne ha vore forhindra om samfunnet blei flinkare til å bruke meir pengar og målretta innsats på barn frå tidleg alder. All forsking viser at førebygging er det som gir størst samfunnsgevinst. Det er rett og slett klokt å bruke meir pengar tidleg. Då må vi gjere meir av det.
Eg håpar at vi i åra framover får ein breiare offentleg debatt om kva som skal til for å sikre betre inkludering, tidleg innsats og førebygging, slik at alle barn får likeverdige moglegheiter og best moglege oppvekstvilkår. Det er i alle fall målet mitt at vi skal vere med på å vri debatten og innsatsen i den retninga. Fordi det er tidleg innsats som vil gi størst effekt.
Oslo, 15. mars 2025
Mina Gerhardsen, barneombod

Introduksjon til verksemda og hovudtal
Rolla til Barneombodet
Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for barnerettane. Vi har som oppgåve å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private, og skal følgje med på utviklinga av barn sine oppvekstvilkår.
Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om barn sine interesser blir følgde, og at norsk rett samsvarer med forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettane. Vi skal, på eige initiativ eller som høyringsinstans, sikre interessene til barn i samband med planlegging og utgreiing på alle område. Vi skal føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barn, og følgje med på om endringane er gode for dei.
Barneombodet skal også fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Vi skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barnerettane og tiltaka det er behov for.
Barneombodslova og forskrifta om instruks for Barneombodet ligg til grunn for arbeidet vårt. Vi er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet, og er fagleg uavhengige.
Barneombodet er leidd av barneombod Mina Gerhardsen, som har ansvaret for den faglege og administrative leiinga av verksemda. Mina Gerhardsen vart utnemnt som barneombod i mai 2024, og overtok etter Inga Bejer Engh, som avslutta sitt åremål våren 2024.
Ved inngangen til 2024 var det 20 tilsette i Barneombodet – 19 i faste stillingar og ein student i 20 prosent stilling i fagavdelinga. Stillingane fordeler seg på tre einingar: fag, kommunikasjon og administrasjon. Ved utgangen av 2024 var dette redusert til 18 fast tilsette og ein student, etter at Barneombodet måtte redusere staben med ei 100% stilling.
Barneombodet hadde i perioden 2022-2024 satsingsområde som vi jobba med, og kvart område hadde fleire hovudmål. Dette var dei fire satsingsområda:
- Gode oppvekstmiljø for barn og unge
- Gode hjelpetenester til barn som treng det
- Godt samarbeid rundt barn og unge som treng hjelp frå fleire tenester
- At myndigheitene tek ansvar for å oppfylle, respektere og verne barnerettane
Nøkkeltal for 2024
I 2024 registrerte Barneombodet 1 669 inngåande og 1 197 utgåande dokument. Av dei var det 678 spørsmål og innspel om barnerettar frå privatpersonar som vi gav 550 svar på. Svært få av desse er frå barn sjølve.
Talet på inngåande og utgåande dokument totalt
- 2020: 3 384
- 2021: 2 691
- 2022: 2 764
- 2023: 3019
- 2024: 2 866
Barneombodet leverte 46 svar på offentlege høyringar i 2024. Vi sende også brev til offentlege myndigheiter der vi adresserte barns rettstryggleik på ulike område. I tillegg gav vi også fleire innspel til offentlege utval og til ulike komitear på Stortinget. Alle høyringssvar, brev og innspel til myndigheitene er tilgjengelege på nettsidene våre. Barneombodet heldt 139 føredrag i 2024, noko som er ei auking i foredrag på 71% samanlikna med 2023.
Hausten 2023 skreiv ei ekspertgruppe med ungdommar med erfaring frå langvarig skulefråvær ein rapport om dette, og kva som skal til for å komme tilbake til skulen. Denne rapporten vart publisert i januar 2024, og har vært presentert på fleire konferansar i løpet av året.
Barneombodet har over ein lengre periode arbeidd med eit e-læringsverktøy om det beste for barn og barn sin rett til å bli høyrt. Dette vart lansert i februar 2024. For å markere lanseringa og for å få oppmerksamheit rundt e-læringsverktøyet, arrangerte vi eit lanseringsseminar for offentleg tilsette på Sentralen i Oslo sentrum i mars 2024. I tillegg til dette arrangerte vi to digitale lanseringsseminar i samarbeid med Statsforvaltarane i Vestland og Troms og Finnmark. Desse digitale seminara hadde om lag 3000 deltakarar, og retta seg i hovudsak mot kommunalt tilsette.
Barneombodet leverte i 2024 sin supplerande rapport til FNs komité for barnerettane. Denne rapporten, som er eit supplement til rapporten Staten leverte i mai 2024, har som mål å gje barnekomiteens medlemmar eit så godt bilde som mogeleg når det gjeld å sikre barns rettar i Norge, slik dei kjem til uttrykk i FNs Barnekonvensjon.
Vi brukte innsynstilgangen vår ved eitt høve i 2024, då vi bad om innsyn i statistikk på tilsyn med avlastningsbustadar og barnebustader dei siste 4 åra.
Barneombodet fekk ei samla løyving på kap. 848, post 01 Driftsutgifter, på 25 898 000 kroner i 2024, sjå note A.
Av årets tildeling brukte vi 94,4 prosent i budsjettåret. Vi har søkt om å få overføre 1 439 853 kroner av samla tildeling til 2025. Av dette er 487 000 lønnskompensasjon etter lokale lønnsforhandlingar for 2024. Sjå utrekningar i note B.
Barneombodet har brukt 83 049 kroner til investeringar i 2024. Lønnsutgiftene var på 18 722 327 kroner i 2024 (note 2), og utgjorde 76,8 prosent av driftsrekneskapen.
Aktivitetar og resultat i 2024
Resultatmåla for 2024 følgjer den treårige strategien for Barneombodet for 2022–2024.
Arbeidsmetodane til Barneombodet er delt i fire: overvaking, opplæring, påverknad og rettleiing. I arbeidet med overvaking hentar vi inn informasjon frå ulike område om tilstanden for barnerettane. I slike prosessar bruker vi mellom anna innsynsretten og medverknad frå barn. Dette dannar grunnlaget for fagrapportane våre, der vi kjem med anbefalingar til offentlege myndigheiter. Vi arbeider aktivt for å få gjennomslag for anbefalingane gjennom ulike politiske prosessar. Samtidig driv vi opplæring i barnekonvensjonen for ulike offentlege instansar for å spreie kunnskap om aktiv bruk av konvensjonen. Rettleiingsarbeidet vårt er retta mot enkeltpersonar som tek kontakt, både vaksne og barn.
Resultatmål 2024
Barneombodet hadde fire satsingsområde i strategien for 2022–2024. Her omtaler vi kort resultata for 2024 innanfor dei fire områda.
Gode oppvekstmiljø for barn og unge
I tråd med strategien vår har Barneombodet arbeidd for at fleire barn skal oppleve meistring og inkludering på skulen. Sentralt i dette arbeidet var både høyringssvaret vårt på regjeringa sitt forslag om bruk av fysisk innblanding, og forslaget om nye fråværsreglar.
Barneombodet har over lengre tid vore uroa over det høge talet på barn som har ufrivillig skulefråvær. For å få betre informasjon om kva som skal til for at elevane kjem tilbake til skulen, publiserte vi i 2024 ein rapport frå ei ekspertgruppe med ungdom som hadde vore borte frå skulen i lengre tid, men som var heilt eller delvis tilbake. Rapporten syner ungdommane sine erfaringar med skulefråvær og anbefalingar til skulemyndigheitene om kva som må gjerast for å få elevar tilbake på skulen
På Lucy Smiths Barnerettighetsdag, som Barneombodet arrangerer i samarbeid med Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo, var temaet barn som veks opp i fattige familiar.
Gode hjelpetenester til barn som treng det
I 2024 har Barneombodet halde fram arbeidet med oppfølging av rapporten «Kven skal eg snakke med no?», ein rapport om det psykiske helsetilbodet til barn og unge i kommunane. Vi har også halde fram med å sikre at barn og unge som gjer straffbare handlingar blir møtt med tilpassa og raske reaksjonar. Barneombodet svaret blant anna på høyringa om endringar i konfliktrådsloven og straffeloven mv. Det handla blant anna kombinasjonsstraff og domstolen sitt høve til å fastsette særvilkår.
Barneombodet har også vore ei tydeleg stemme i offentlegheita om behovet for økt fokus på kriminalitetsførebygging og auka satsing på tiltak som vi veit vil ha positiv effekt når det gjeld å halde barn og unge unna kriminelle handlingar.
Barnevernsinstitusjonsutvalet la i 2023 fram si utgreiing, NOU 2023:24 – med barnet hele vegen. Barneombodet leverte sitt høyringssvar i 2024, og vi var i det alt vesentlege einige med utvalet i deira problemforståing og forslag til tiltak for å betre barnevernsinstitusjonsomsorga i Norge. Barneombodet støtta også regjeringa sin barnevernsinstitusjonsstrategi som vart lagt fram i juni 2024.
Godt samarbeid rundt barn og unge som treng hjelp frå fleire tenester
Barneombodet heldt i 2024 fram med å promotere auka samarbeid og behovet for å styrke arbeidet med «Laget rundt barn og unge.» Innsiktsarbeidet som vart presentert i 2023 vart vidareført i 2024, med ei oppmoding til Regjeringa om å legge fram ei meir forpliktande rettleiing til kommunar om korleis og med kva kompetanse Laget bør fyllast med.
Myndigheitene tek ansvar for å oppfylle, respektere og verne barnerettane
Det er grunnlovfesta at det beste for barnet skal vere eit grunnleggande omsyn ved alle avgjerder som har følgjer for barn. Både offentlege myndigheiter, fylke og kommunar har plikt til å vurdere dette, ikkje berre i enkeltsaker, men også på systemnivå. For å bidra til at dei som arbeider med dette skal få auka kunnskap og større mogelegheit til å vareta dette grunnleggjande omsynet, lanserte Barneombodet i 2024 eit e-læringsverktøy. Det gir rettleiing i korleis dei kan vurder kva som er til det beste for barn og vareta barn sin rett til å bli høyrt.
Barneombodet er svært tilfreds med at Finansdepartementet og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring har endra den generelle rettleiinga til utgreiingsinstruksen, slik at ein sikrar betre konsekvensvurdering av barnerettane ved statlege tiltak.
Kommunikasjonsarbeid
Barneombodet har innpassa kommunikasjonsarbeidet godt i verksemda, og kommunikasjon er ein del av den nye strategien. Strategien er forankra i den statlege kommunikasjonspolitikken. Å vere ein synleg aktør i samfunnsdebatten er viktig for å få resultat, og vi arbeider aktivt med dette.
Medieomtale
I 2024 var Barneombodet nemnt i litt over 1 100 saker i pressa. Fagområda der vi var mest omtalt, handla om skule, barn og straff, barnevern og psykisk helse. Barneombodet hadde 11 kronikkar og debattinnlegg på trykk i aviser om ulike tema.
Tal på mediesaker
- 2020: 1 381
- 2021: 1 581
- 2022: 1 267
- 2023: 1 252
- 2024: 1 100
Nyheitsbrev
Barneombodet sende i 2024 ut 17 nyheitsbrev. Talet på mottakarar av nyheitsbrevet har gått frå 4 888 til 4771 personar det siste året. Nedgangen i talet på mottakarar kjem av ei opprydding av e-postlista. Vi har aktivt sletta over 1600 inaktive e-postadresser i 2024. Likevel ser vi at talet på mottakarar av nyheitsbrevet aukar jamt. Svært mange opnar nyheitsbrevet, og det er etter vårt syn eit treffsikkert tiltak.
Sosiale medium
Barneombodet har (per 17.02.25) 32 972 følgjarar på Facebook, 5 455 på Instagram og 5 376 følgjarar på LinkedIn. Talet på følgjarar på Facebook går noko ned, som er ei generell utvikling, medan vi har ein stor auke på LinkedIn. Barneombodet satsar i hovudsak på Facebook og LinkedIn som eksterne digitale kommunikasjonskanalar.
Nettsider
I 2024 hadde barneombodet.no 379 307 sidevisningar og 191 689 unike brukarar på nettsida. I 2024 hadde vi om lag 217 528 besøkjande som kom direkte til våre sider, og 126 533 besøkjande frå organiske søk (til dømes Google). Andre brukarar kjem til nettsidene våre via Facebook, LinkedIn eller andre referansesider.
Sidene om rettane til barn og unge («Rettane dine») er dei mest lesne på nettsidene våre. Temasidene om kriminalitet og straff, skule, pengar og jobb, sosiale medium og fritid er dei mest populære. I tillegg er sida om FNs barnekonvensjon mykje besøkt.
Eit stort arbeid som blei sluttført i 2024 var eit nytt e-læringsverktøy om barns rettar. Dette er knytt til nettsidene til Barneombodet, og er laga i same profil i samarbeid med eit eksternt byrå.Hovudsida for e-læringskurset på nett har etter lansering i 2024 fått nesten 16.000 visningar.
Kurs 1: Barnets beste på individnivå
Talet på gonger sidene har blitt vist: 7600
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 545
Kurs 2: Barnets beste på systemnivå
Talet på gonger sidene har blitt vist: 2600
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 242
Kurs 3: Barns rett til å bli hørt på individ nivå
Talet på gonger sidene har blitt vist: 1600
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 180
Kurs 4: Barns rett til å bli hørt på systemnivå
Talet på gonger sidene har blitt vist: 1100
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 114
Arrangement
I februar 2024 arrangerte Barneombodet eit stort frukostseminar på Sentralen i Oslo, der vi lanserte det nye e-læringsverktøyet om barns rettar. Det var heilt full sal og også der var barne- og familieminister Kjersti Toppe og heldt eit innlegg.
I mars 2024 hadde vi eit vellykka arrangement i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark på The Edge i Tromsø, der det og var ei digital sending med meir enn 2 200 påmelde. Vi har også hatt eit stort digitalt arrangement med Statsforvaltaren i Vestland, der det var påmeldt over 1 500 personar. Målgruppa for begge arrangementa var i hovudsak leiarar og tilsette i kommunane, og temaet var det nye e-læringsverktøyet.
Barneombodet arrangerte i november for ellevte gong Lucy Smiths barnerettsdag, eit arrangement vi har i samarbeid med Universitetet i Oslo. Tema var «Barn i fattige familiar». Arrangementet er populært og var som vanleg fullteikna.
I desember 2024 leverte Barneombodet for første gong på åtte år ein ny rapport til FNs barnekomité om korleis barns rettar blir varetekne i Noreg. Dette ble markert med eit fullsett sal på Kulturhuset i Oslo.
Styring og kontroll i verksemda
Barneombodet er den øvste leiaren og har ansvaret for at verksemda blir driven forsvarleg og effektivt. Arbeidet til Barneombodet er regulert i lov om barneombod og i instruksen for Barneombodet. I tillegg gjeld tildelingsbreva frå Barne- og familiedepartementet og instruksen for økonomi- og verksemdsstyring. Det er fastset ei rekkje rutinar for verksemda og arbeidet som blir utført.
Barneombodet nyttar mål- og resultat-styring som eit grunnleggjande prinsipp for styring. Vi bruker mellom anna metodane til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for styring og kontroll.
I tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet er det sett opp ulike administrative forhold og saker som vi skal rapportere om i 2024. Desse rapporteringskrava er tekne til følgje og blir omtalte nedanfor.
4.1 Fellesføringar frå regjeringa
Systematisk og heilskapleg arbeid for å redusere klimagassutslepp, naturfotavtrykk og energibruk
Barneombodet arbeider for at barn og unge får varetatt sine rettar etter FNs barnekonvensjon. Betre regeletterleving vil etter vår vurdering bidra til at Norge også i større grad oppfyller FNs berekraftsmål. Dette gjeld mellom anna å sikre god helse, redusere fattigdom, sikre god utdanning og mindre ulikheit. Barneombodet er opptatt av å gjere klimavennlege val. Møteromma våre er godt utstyrte med nødvendig videoutstyr, slik at det er mogleg å ha møte utan å reise. Barneombodet oppfordrar medarbeidarane til å velje det mest miljøvennlege alternativet når dei reiser, mellom anna å ta tog i staden for fly der det er føremålstenleg.
I tillegg held Barneombodet fram med å digitalisere verksemda, mellom anna ved å publisere rapportar i hovudsak i digital form, og sende mest mogleg brev per e-post og digital post for å redusere papirbruken.
Utvikling i talet på tilsetjingar av personar med funksjonsnedsetjing
Ein av årsakene til at det er vanskeleg for Barneombodet å få tilsette personar med funksjonsnedsetjingar og/eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring, er rett og slett at det er få i denne kategorien som søkjer jobb hos oss. Vi oppmodar dei til å søkje i alle stillingsutlysingane våre.
I 2024 hadde vi ingen nytilsetjingar i det heile tatt, og vi tilsette ingen personar med funksjonsnedsetjingar og/eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring i 2020 eller 2021. vi utlyste to stillingar i desember 2024, med tilsetjing i byrjinga av 2025. Då hadde vi nokon frå desse gruppene inne til intervju, og ei av dei blei innstilt som nummer to til ei av stillingane. Vi har som ambisjon å tilsetje nokon frå desse gruppene ved seinare utlysingar, dersom dei elles er kvalifiserte for jobben. [GA1]
Redusere konsulentbruken
Barneombodet bruker interne ressursar og kompetanse i det daglege arbeidet. I den grad vi brukar konsulenttenester, er det i kortvarige prosjekt for å løyse oppgåver vi ikkje har kompetanse på sjølve. I 2024 har vi til dømes brukt 300 000 på konsulenttenester for å utvikle eit «Barnebarometer», ei spørjeundersøking om barnerettane som skal sendast ut til 4. og 7. klassingar over heile landet i 2025.
Vi har ikkje kjøpt konsulenttenester frå kommunikasjonsbransjen i 2024.
Her er ei oversikt over utgifter til bruk av konsulenttenester i 2024:
- Konto: 6710 Konsulenttenester til utvikling av programvare
Teneste: E-læringsprogram om barnerettigheitsvurderingar
Sum: 65 000kr
- Konto: 6720 Konsulenttenester til organisasjonsutvikling
Teneste: Arbeid med ny strategi
Sum: 164 000kr
- Konto: 6730 Andre konsulenttenester
Teneste: Barnebarometeret
Sum: 300 000kr
Total sum: 529 000
Tillitsreforma til regjeringa
Det overordna målet med tillitsreforma er at innbyggarane skal få offentlege tenester med betre kvalitet og til rett tid. Barneombodet er i hovudsak eit overvakingsorgan, og ikkje ein tenesteytar, og har ikkje eigne tiltak etter reforma.
Digitalisering, digital sikkerheit, samfunnssikkerheit og beredskap
Digitalisering
Barneombodet held fram med å etterleve krava og føringane for digitalisering i offentleg sektor. Vi har ikkje hatt nokon nye digitaliseringsprosjekt i 2024.
«Orden i eige hus»
Barneombodet har god oversikt over deling og gjenbruk av eigne data. Vi delar ikkje data med andre, men bruker eigne data internt.
Vi behandlar i hovudsak data i lukka system som Public 360 og DFØ-systema, og på serverar som er lagra hos Intility. Vi laga ei fullstendig oversikt over desse systema i samband med innføring av styringssystemet for informasjonstryggleik.
Digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap
Med hjelp av styringssystemet for informasjonstryggleik held Barneombodet fram arbeidet med å følgje opp den nasjonale strategien for digital tryggleik og NSMs grunnprinsipp for IKT-tryggleik.
Barneombodet oppdaterer ROS-analysane sine årleg og går igjennom dei fire gonger i året. Den største risikoen for Barneombodet er at personopplysningar, og då spesielt sensitive personopplysningar om barn og unge, skal komme på avvege. Dette ville vere ille både for den enkelte og for Barneombodet sitt omdømme. Vi har derfor ekstra medvit om dette i rutinane for lagring og behandling av personopplysningar.
Beredskapsplanen til Barneombodet består av ein generell del med mål og definisjonar, risikovurderingar, årlege aktivitetar, organisering av arbeidet, rutinar i beredskapsarbeidet og evaluering og læring. I tillegg har vi tiltaksskort for ulike hendingar, for eksempel brann, personskade, pandemi og omdømmekriser.
Vi hadde ikkje kapasitet til å ha noka kriseøving i 2024. I administrasjonsavdelinga har vi jobba mykje med innføringa av SRS. Dette har ført til at vi i 2024 har måtta nedprioritere nokre andre område. Vi gjennomførte ei kriseøving i desember 2023. Då hadde vi ei skrivebordsøving om phishing, altså brot på den digitale tryggleiken. I 2023 hadde vi også ei kriseøving i leiargruppa, der vi øvde på korleis vi skulle handtere ein eventuell brann i lokala våre.
Barneombodet reviderte alle dei styrande dokumenta til styringssystemet for informasjonssikkerheit sist i 2022, men risikoregisteret og handlingsplanen blir oppdatert årleg. Styringssystemet består av ei rekkje styrande dokument, for eksempel policy, system, roller og tilgangsstyring, instruksar, årshjul, risikoregister, handlingsplan, personvernerklæring og avviksskjema.
Vi deltar elles i nettverk og møter og held oss oppdaterte på området. I verksemdsplanen er beredskap sett opp som fast tema når det gjeld styring av verksemda, og er noko vi skal ha jamleg merksemd på framover.
Effektiviseringsfremjande tiltak
Eitt av satsingsområda i strategien vår handlar om Barneombodet som organisasjon. I 2024 som i 2023 har vi halde fram med å ha merksemd på delmålet meir effektive arbeidsprosessar, mellom anna gjennom å bruke Teams i større grad til webinar, kurs og møte. Vi har også hatt fokus på KI og vi vil sjå nærare på kva vi kan bruke KI til framover.
I tillegg har vi jobba for å effektivisere arbeidet gjennom kompetanseheving og omfordeling av oppgåver internt.
Registrering av statstilsette sine verv og økonomiske interesser
Barneombodet har gått gjennom retningslinjene for registrering av statstilsette sine verv og økonomiske interesser. Vi har vurdert det slik at det ikkje er behov for å etablere ei slik registreringsordning hos oss. Vi har verken kontroll- eller tilsynsoppgåver, eller oppgåver som inneber fordeling av godar mellom eller til private jf. punkt 3 c og e i retningslinjene.
4.6 Oppfylling av språklova § 13 og § 14
Barneombodet jobbar aktivt med å fremje nynorsk i kommunikasjonskanalane våre. For å sikre at dette blir gjort på ein god måte, har vi utarbeidd ei tiltaksliste som fordeler ansvaret mellom leiargruppa og kommunikasjonsavdelinga. I tillegg følgjer vi jamleg med på kor stor del av kommunikasjonen vår som er på nynorsk, og dette blir jamleg tatt opp i fellesmøte med alle tilsette.
I 2024 publiserte Barneombodet 139 innlegg til saman på sosiale medium. Av desse postane var 37 på nynorsk. Dette gir eit gjennomsnitt på 26% prosent nynorsk i dei sosiale media våre. På nettsida er 16% av dei nye nyheitssakene skrivne på nynorsk. Vi jobbar òg aktivt med å rydde opp i og forbetre fordelinga mellom bokmål og nynorsk på nettsidene våre.
Oppfølging av saker frå Riksrevisjonen
Barneombodet har ikkje hatt merknader frå Riksrevisjonen.
Vurdering av framtidsutsikter
Barneombodet har vore gjennom eit spannande år i 2024. Det er utnemnd nytt ombod, og vi har vedtatt ein ny strategi for ombodet. Dette vil bidra til å styrke fokuset til Barneombodet i dei kommande åra.
Vi er ei kunnskapsverksemd, og det er viktig at vi utviklar vidare kompetansen på alle område i verksemda. Vi deltar i fleire nettverk med andre offentlege organ, både på kommunikasjons-, fag- og administrasjonssida. Dette er viktig både for å dele og for å utveksle kompetanse. I 2024 skal vi utvikle ein ny kompetanseplan som skal sikre at vi er godt rusta for å overvake og vere ein pådrivar for barnerettane også i framtida.
Ei særskild utfordring for Barneombodet er den økonomiske situasjonen. Så lenge Barneombodet ikkje får auka tilskott, vil den nedbemanninga som har vore dei seinare åra fortsette også i åra framover. Det gjer at barneombodet i mindre grad kan reise rundt i landet, og at vi må redusere den faglege aktiviteten.
Årsrekneskap
Barneombodet er ei brutto-budsjettert verksemd som fører rekneskap etter kontantprinsippet for statlege verksemder.
Årsrekneskapen er gitt i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krava frå Barne- og familiedepartementet i instruksen om økonomistyring og i tildelingsbrevet.
Årsrekneskapen gir eit dekkjande bilete av dei disponible løyvingane i verksemda og av rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld. All vesentleg informasjon går fram av årsrekneskapen.
Rekneskapen blir revidert av Riksrevisjonen.
Kommentarar til årsrekneskapen
Barneombodet fekk i 2024 ei samla tildeling på kapittel 0848 på kr 25 898 000. Vi viser til løyvingsrapporteringa og notane A og B. Mindreutgifta på post 01 Driftsutgifter var kr 1 439 853.
Vi har søkt om å få overført dette beløpet til 2025, og viser til utrekningane i note B.
Barneombodet fekk ingen belastningsfullmakter for 2024. Artskontorapporteringa viser at dei samla netto rapporterte driftsutgiftene var på til saman kr 24 375 099 i 2024. Tilsvarande tal for 2023 var kr 23 759 727.
Utgifter til lønn og sosiale kostnader utgjorde kr 18 722 327 i 2024, mot kr 18 175 758 i 2023. Lønnsdelen av dei rekneskapførte utbetalingane utgjer 76,85 prosent i 2024, mot 76,5 prosent i 2023.
Talet på utførte årsverk er 17 årsverk i 2024, mot 17 i 2023. Dei bokførte kostnadene til investeringar var på kr 83 049 i 2024, mot kr 343 707 i 2023. Mellomverande med statskassa var kr 1 377 884.
Riksrevisjonen er ekstern revisor og stadfestar rekneskapen for Barneombodet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato og kjem i løpet av 2. kvartal 2025.
Årsrekneskapen blir publisert på nettsidene til Barneombodet så snart den er offentleg.
Oslo, 15. mars 2025
Mina Gerhardsen
barneombod
Prinsippnote til årsrekneskapen 2024
Årsrekneskapen for statlege verksemder er utarbeidd og laga fram etter nærmare retningslinjer fastsetje i føresegnene om økonomistyring i staten (“bestemmelsene”). Årsrekneskapen er i samsvar med krava i føresegnene punkt 3.4.1, nærmare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 av desember 2024og eventuelle tilleggskrav fastsette av det overordna departementet.
Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:
- Rekneskapen følgjer kalenderåret.
- Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret.
- Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet.
- Utgifter og inntekter er førte i rekneskapen med brutto beløp.
Oppstillingane av løyvings- og artskontorapporteringa er utarbeidde etter dei same prinsippa, men grupperte etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krava i føresegnene punkt 3.5 til korleis Barneombodet skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlina “Netto rapportert til løyvingsrekneskapen” er lik i begge oppstillingane.
Barneombodet er knytt til konsernkontoordninga i staten i Noregs Bank i samsvar med krava i føresegnene pkt. 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder får ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen. Saldoen på den enkelte oppgjerskontoen blir nullstilt ved overgangen til nytt år.
Løyvingsrapporteringa
Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser verdiane Barneombodet står oppført med i kapitalrekneskapen.
Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som vi har rapportert til statsrekneskapen. Dette blir stilt opp etter dei kapitla og postane i løyvingsrekneskapen som vi har fullmakt til å disponere. Kolonnen for samla tildeling viser kva Barneombodet har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for kvar statskonto (kapittel/post). Oppstillinga viser i tillegg alle dei finansielle eigedelane og forpliktingane vi står oppførte med i kapitalrekneskapet til staten.
Artskontorapporteringa
Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomverande med statskassa. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal som Barneombodet har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Barneombodet har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje inntektsførte og står derfor ikkje som inntekt i oppstillinga.
Rekneskapstal i løyvings- og artskontorapporteringa med notar viser rekneskapstal som er rapporterte til statsrekneskapen. I tillegg viser nóta til artskontorapporteringa «Samanheng mellom avrekning med statskassa og mellomverande med statskassa» bokførte tal frå kontospesifikasjonen vår i kolonnen «Spesifisering av bokført avrekning med statskassa». Nóta viser skilnaden mellom beløp Barneombodet har bokført på eigedels- og gjeldskontoar i kontospesifikasjonen vår (under dette saldo på kunde- og leverandørreskontro), og beløp vi har rapportert som fordringar og gjeld til statsrekneskapen, og som inngår i mellomverande med statskassa.
Barneombodet har innretta bokføringa slik at den følgjer krava i føresegnene om økonomistyring i staten. Det inneber at alle opplysningar om transaksjonar og andre rekneskapsmessige disposisjonar som er nødvendige for å utarbeide pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 3.3.2, og spesifikasjonar pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 4.4.3, er bokførte. Føresegnene krev mellom anna utarbeiding av kundespesifikasjon og leverandørspesifikasjon. Det medfører at sals- og kjøpstransaksjonar blir bokført i kontospesifikasjonen på eit tidlegare tidspunkt enn dei blir rapportert til statsrekneskapen, og inneber kundefordringar og leverandørgjeld i kontospesifikasjonen.